Friday, August 29, 2014

Om å ta imot seg sjølv med nåde

Du synest kanskje dette var ei rar overskrift på eit blogginnlegg. Eg skulle skrive om leiren eg har vore på. Og det blir truleg veldig subjektivt, og kjenner eg meg sjølv rett, kan det bli ganske negativt.

Leiren i seg sjølv var veldig god. Sentral og evangelisk forkynning, og mange fine ungdommar som vil følgje Jesus. Ingenting å klage over når det gjeld opplegget, heller. Problemet var vel heller min eigen motivasjon, eller mangel på den slags.

Eg melde meg på studentleiren fordi eg ville prøve å få med studentar ifrå Bible Club, men eg fekk ingen med, bortsett frå ei jente som studerer i ein annan by. Men ho hadde reist uansett om eg hadde stilt opp med bil eller ikkje. Så i utgangspunktet følte eg meg litt mislukka fordi eg ikkje hadde fått med meg nokon.

Eg hadde heller ingen spesielle oppgåver på leiren utanom å vere blant ungdommane, og spesielt ta meg av jentene, sidan eg var einaste kvinnelege vaksenperson. (Kona til lagssekretæren var også med, men ho hadde fullt opp med to små barn). Men kva gjer eg for at jentene skal snakke med meg om det dei strevar med? Sjølvsagt burde eg ta initiativ til kontakt, men det var eg ikkje i humør til. Og eg anklaga meg sjølv fordi eg ikkje klarte det, men heller trekte meg tilbake på rommet mitt så snart eg hadde muligheit. Noko som gjorde at eg følte meg enno meir mislukka og trekte meg enno meir tilbake. Og kven vågar vel å banke på døra til misjonæren då?
Eg fann ut at noko av det luraste eg hadde med på leir, var ei boks med papirlommetørkle. Det var iallfall greitt å få grine utan at andre såg meg...
Eg følte meg malplassert og mislukka. "Gud, send meg heimatt til Norge!" Det var vel litt dramatisk å be slik, men det var slik eg opplevde det akkurat der og då.

Vi hadde opptil to gruppemøte kvar dag, og det var vel med dei i gruppa eg fekk best kontakt. Eg prøvde å vere ærleg om korleis eg hadde det. Men om det var til noko trøyst eller oppmuntring for nokon, det tvilar eg på...

På bibeltimane fekk vi klar forkynning om at vi ikkje kan gjere noko for å frelse oss sjølve, men at vi er avhengige av Jesus og det han har gjort på korset. Og at Gud tek imot oss med ein ubetinga kjærleik. Likevel er det visst så vanskeleg å vere like nådig mot meg sjølv som Gud er mot meg.
Når det gjeld frelsa, er eg sjølvsagt einig, men eg er no eigentleg på jobb, og skal vere her for studentane. Og Laget dekte opphaldet for meg, og leirkomiteformannen lovde også å gi meg reisepengar (noko som han sikkert gløymde...). Men har eg gjort meg fortent til det, når eg ikkje har gjort nokon jobb?

Det var godt å komme heimatt litt før kl 18 og vite at eg hadde avlyst Bible Club. Tenk å få ha ein heil fredagskveld for meg sjølv. Det er luksus, eller? Kanskje eg kan ta fri med godt samvit av og til, også?
Tidlegare i sommar grunda eg litt på ei strofe frå ein salme, som dukka opp i tankane no i ettermiddag:
"ta imot deg selv med nåde" - er det det eg treng? Å vise samme nåde mot meg sjølv som Gud viser meg? Set eg for store krav til meg sjølv?

Her er songstrofa i sin samanheng:

"Vil du trosse angst og uro,
vil du følge meg,
ta imot deg selv med nåde
på en ukjent vei,
la de ord som jeg har sagt,
folde ut sin skapermakt
tross din tvil og selvforakt?
For jeg vil bli hos deg."

(Norsk Salmebok 2013 nr 434: "Det er navnet ditt jeg roper")


Her vart det mykje ord og lite bilete. Oftast skriv eg blogg utifrå bileta, men eg har liksom ikkje nokon bilete til å illustrere innhaldet, heller.
Eg som vanlegvis liker å ta bilete, var heller ikkje inspirert til det, men nokre få glimt er det blitt.

Lovsong

Lovsongsteamet

Klare for bibeltime
Kveldsmøte
Leirbål 
Sjølvsagt skiftar vi til tøfler inne. Greitt å vite forskjellen på høgre og venstre sko, også.
Utsikt ifrå leirplassen vi var på. Her flagga dei på halv stong, truleg for å minnast alle dei som omkom i jordras forrige veke. Då leiren byrja, var det funne vel 50 personar, medan over 20 framleis var sakna. På nyheitene i kveld høyrde eg at no var 72 stadfesta omkomne, og to framleis sakna.
Nokre voluntørar overnatta også på senteret der vi var, og på dagtid var dei ute og hjelpte med å rydde i rasområdet. På veg heimover såg vi flokkevis av frivillige som gjekk med spadar. Ifrå vegen kunne vi også sjå kvar rasa var gått.

Dette vart mykje negativt på ein gong, men eg må avslutte med at eg har hatt det bra etter at eg kom heim, og at eg ser litt meir lyst på livet no. Det gjorde godt med ein joggetur i kjølig kveldsluft. Og ein god kveldsmat, med grove rundstykke, kakao og ost, noko eg ikkje har smakt sidan tirsdag morgon..., Avslappande å ete åleine, også, utan å lure på kva eg skal snakke med dei andre om, eller om eg i det heile tatt skal gidde å prøve å innleie ein samtale. Enklast å la vere...

I natt skal det visst bli ned i 19 grader. Er det snart slutt på sommaren, eller?

No comments:

Post a Comment