Wednesday, October 28, 2015

Funksjonshemma kan Salmane på rams

Det er lenge sidan eg har skrive om turen til Kina no. Frå Kunming har eg framleis mykje å fortelje. Eg får ta det litt i gongen.
Heldigvis skreiv eg dagbok medan eg var der, så eg kopierer litt derifrå innimellom bileta.

Laurdag 22.8 Kunming
Tok buss (double-decker) til kyrkja, til laurdagsskule for funksjonshemma. Møtte mange glade folk, barn, ungdommar og vaksne med forskjellige funksjonshemmingar, og mange frivillige lærarar frå kyrkja. Også frivillige som laga lunsj til alle.
To gutar var blitt døypte no i august. Den yngste var 9 år. Ingen skule har tatt imot han, så han har ikkje gått på skule. Han bur hos bestemora. Bjørg fortalde at då bestemora fortalde han at han skulle få byrje på skule i kyrkja, sov han ikkje på ei veke. Og den laurdagen vekte han henne kl 5, for han var så spent. Ein gong ho måtte innleggast på sjukehus, måtte han også vere der sidan han ikkje kunne klare seg åleine heime. Då han høyrde at doktoren sa at bestemora måtte vere til over helga, sa han til doktoren: «Bestemor kan ikkje vere her på laurdag, for då må ho vere med meg på skulen.» Så dei fekk permisjon frå sjukehuset fram til kl 16 den dagen.
 Første timen på laurdagsskulen framførte dei bibelske salmar dei hadde lært utanatt. Ein starta med Salme 1, nestemann Salme 2 osv. Han som ikkje hadde gått på skule, tok likegodt Salme 5 og 6 i samanheng. Imponerande! Eg måtte skamfull innrømme for meg sjølv at eg kanskje kan eitt eller to vers i kvar salme, men det er alt.





Ei lita dame med ei herleg utstråling gjorde inntrykk. Det var såvidt hovudet stakk opp over bordet då ho sat på ein vanleg stol. Bjørg fortalde meg ein del om henne etterpå. Ho har evangelistnådegåve, og er den som ber for og hjelper mange. Under den engelske gudstenesta sit ho bakerst i kyrkja og ber heile tida. Og ho går på sjukehuset på besøk kvar dag og vitnar om Jesus.
I fjor gifta ho seg med ein annan funksjonshemma, etter at motstanden frå familien hadde gitt seg. Eg fekk ein DVD ifrå bryllupet deira, som var i juni i fjor.

 To herlege damer og gode venner

Denne unge guten i starten av 20-åra gjorde også inntrykk. Eg vart fortalt at faren hans reiste ifrå sonen og kona like etter at Peter var født. Det er mange fedre som gjer nettopp det i dette landet når dei ser at dei har fått eit barn med funksjonshemming. Presten spurde Peter ein dag kva han ønska å seie til far sin om han kom til å møte han ein dag. Då sa Peter: "Då vil eg sjå på far min og seie: "Sjå på meg, eg er SONEN din!" Peter ønskjer at faren verkeleg skal få augene opp for at han har ein flott son.

Då eg kom tilbake til Japan i slutten av august og bladde gjennom ein bunke med Vårt Land, vart eg overraska over å finne Peter igjen i avisa for 27. august, den siste dagen eg var i Kunming! Det var Bård Bøe som hadde vore på reportasjetur og skreiv om temaet "Kirken i Kina". Eg har tatt vare på utklippet ifrå papiravisa, men har ikkje funne artiklane på nettavisa.
Bård Bøe var innom både uregistrerte kyrkjer og kyrkjer som er godkjende av styresmaktene. Trinity Church i Kunming er ei av dei offisielle kyrkjene.

Bøe skriv om møtet med Peter:
"Peter sitter i et ellers tomt klasserom i kirken. Drømmen er å leve av å skrive vitenskapelige artikler. Det er bare én hindring: En sterk cerebral parese som har tatt fra ham skolegangen.
På pulten foran ham ligger mattebøkene med avansert algebra. Han er den eneste på lørdagsskolen som kan engelsk, og på datamaskinen hans er et tekstdokument med store kinesiske tegn åpent.
"Før jeg begynte på Angel spesialpedagogiske opplæring i kirken, spilte familien min lydbøker for meg, men etter å ha begynt på Angel spesialutdanning, lærte jeg mye og fikk ny kulturell kunnskap", skriver han i selvbiografien sin."
På lørdagsskolen i Trinity Church lærer Peter matte, historie og engelsk."

Så langt Vårt Land.
Både Peter og mora er kristne, og dei kjem også i kyrkja på søndagane. Fleire av dei funksjonshemma er også med på bibelstudium midt i veka.

Frå gudstenesta søndag skal eg fortelje i eit anna blogginnlegg. Så langt idag. Berre nokre bilete frå gatene i Kunming til slutt:

Fine bussar, som går omtrent heile tida, og er alltid fulle av folk.

God utsikt ifrå andre etasje på bussen


Trinity Church, der det er skule for funksjonshemma kvar laurdag, og fire gudstenester kvar søndag i tillegg til ei laurdagsgudsteneste.

 

Slikt finst vel ikkje i Norge?

Å køyre langs landevegen kan ofte vere ganske keisamt. Då kan det vere litt variasjon å sjå på dei ulike dyra som står i vegkanten og fortel at det foregår vegarbeid. Desse froskane seier "unnskyld". Hadde dei vore mjuke nok, ville dei nok ha bukka til meg, også.

Om dei ikkje bukkar, så blunkar dei, iallfall.

Ein rosa kanin held vakt

Her er iallfall ein ekte japanar, med hjelm. Tanuki ("raccoon dog" på engelsk) er eit søtt, lite dyr som dessverre ofte blir påkøyrd når dei prøver å gå over vegen i mørkret. 

Desse tre fotograferte eg på veg heim frå Nima i forrige veke. Då eg la dei ut på Facebook, fekk eg tilsendt biletet nedanfor:
Kitty-chan er altså å finne langs vegane, også. 

I går kom eg over ei anna forsamling som passa sperringane på vegen. Desse bileta er tatt berre på ein sykkeltur i Matsue:

Elefant

Ape

Delfin
Først tok eg dette for å vere ei ku, men sjølvsagt er det eit rådyr!

Sidan eg no har blitt heilt hekta, kan eg ikkje køyre forbi nye "skapningar" utan å stoppe og ta bilete. Dette er på vegen frå Sakaiminato til Yonago, der eg besøkte familien Leirvik i går.

Kva er så dette? Giraff? Eller ein blid vegarbeidar?

Denne katten får avslutte serien i denne omgang. Eg lovar å legge til fleire dersom eg skulle kome over andre variantar.
Dermed utfordrar eg Statens Vegvesen til å gjere noko liknande!

5. november:
Eg lovde å komme tilbake dersom eg fann fleire, og på veg til Hiruzen i dag møtte eg desse søte andungane.
 


Monday, October 26, 2015

Den som skjer løk med tårer...

Matlaging er ikkje mi sterke side. Det å skjere løk er noko av det verste. Tårene byrjar å renne berre etter eit par løkar. Difor prøver eg å unngå rettar med mykje løk når eg lagar middag til Bible Club. Eller eg fuskar litt med oppskrifta og kuttar ned på talet på løk. Likevel kan det bli ein del når det er 18 personar påmelde til middag.

Når ingen ser meg, går det likevel an å få det unna ganske smertefritt. Rennande vatn, vernebriller og tunga "på tørk" hjelper ganske bra. Då er det berre nasen som renn, og augene er ganske tørre.

Medan eg stod og skar opp løk for eit par fredagar sidan, tenkte eg på ein av tekstane for den komande søndagen, og ein song som går på samme tema:
"Den som sår med tårer, skal hausta med glederop." (Salme 126)
For meg vart det "den som skjer løk med tårer..." Skal også eg få hauste med glederop?
Eg må innrømme at det er sjeldan eg feller tårer i nød over ufrelste sjeler. Tårene har oftast andre årsaker.
Matlaging og preikeførebuing tek mykje tid. Søndag 18. oktober hadde eg først preike på japansk på føremiddag, og på engelsk om kvelden samme dag. Det er mykje arbeid, men så er det også kjekt å sjå at studentane kjem. Den helga hadde vi fleire nye studentar, også, både på fredagskvelden og søndag.

 Det ser ut som om alle likte maten på Bible Club.

Tomme tallerknar

Det var ein stor flokk å mette. Forhåpentlegvis fekk dei med seg noko åndeleg føde, også. Teksten denne kvelden var frå Joh. 14. Jesus seier: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg."


To dagar etter var det internasjonal kveldsgudsteneste i Matsue kyrkje, med temaet "Lyft auga og sjå åkrane".

Her øver forsongarar og musikarar til gudstenesta.

"Lyft auga og sjå åkrane!" Eg byrja preika med ei forteljing om ein ung bibelskuleelev som Egil Sjaastad har skrive om på Fjellhaug-bloggen. Du kan lese det her: Forelsket - og grepet av Jesu hånd
 
  Dette biletet hang ein gong på ein lesesal på Fjellhaug.

Eg avslutta preika med eit anna bilete, med eit liknande motiv.

Dette biletet heng i ei kyrkje i Ankang i Kina. Her er både Jesus og læresveinen ved sida av skildra med kinesiske trekk. Jesus utfordrar oss også i dag til å lyfte auga og sjå det Han ser.

Her er dei som fekk utfordringa denne kvelden i kyrkja.

Her er to kristne studentar som har kome til Matsue i haust. Den eine er frå Mosambik, og den andre frå Nigeria.

PS: Er det nokon som har enkle, gode oppskrifter på gryterettar eller liknande, utan altfor mykje løk, vil eg gjerne ha nokre tips.






Sunday, October 11, 2015

Ein nydeleg kveld i Nima

To tirsdagar i månaden har eg to engelske bibelklasser i Nima kyrkje. På føremiddagen førebur eg timane, smør med meg lunsj, og pakkar i kjølebagen det eg skal ha til kvelds og frukost neste dag. Det er blitt ganske bra rutine no. Ofte har eg middagsrestar i frysaren som eg kan ta med og varme i mikrobølgeomnen. Denne gongen ville eg ha noko ferskt, så eg stakk innom på ein butikk og kjøpte med meg ei sjølvplukka blanding av forskjellige rettar dei sel i lausvekt. Veldig praktisk, og godt.

Det er 8 mil frå Matsue til Nima, og det tek to timar på vanleg veg i 50-sone. Undervegs stoppa eg på ein parkeringsplass og tok meg eit par skiver, samtidig som eg kvilte hovudet frå køyringa.

Første klassa startar 14.30. Der er det to damer som er på avansert nivå i engelsk, så der treng eg ikkje bruke japansk.
I 17.30-tida tok eg meg ein tur ut og håpa å få nokre glimt av sola før ho gjekk ned. Då eg kom ned til sjøen, var det akkurat i rette augneblink.

Ein mann prøver fiskelukka frå land. Eg såg at han fekk fisk, også.

Fiskebåt med lykter.

Sola er gått i havet, og det er tid for å gå opp igjen i kyrkja å få meg middag før kveldsklassa byrjar klokka 19.30.

 Leilegheita i andre etasje i kyrkja er sparsomt innreidd, men frå kyrkja har eg fått opp ein mikrobølgeomn, ein stol, og eit lite bord med fin, kvit plastduk. Her er middagen min ein tirsdag i september. Då var det framleis såpass lyst ute at eg kunne nyte utsikta mot havet.

Så er kveldsklassa i gong. Denne dagen var det ingen ledig stol rundt borda sjølv om to av medlemmene ikkje kunne kome. Teksten for dagen var om døyparen Johannes og Jesu dåp.

Vi starta med å snakke om kva slags førebuingar som må gjerast dersom til dømes president Obama skulle kome til Nima. Dei hadde mange gode forslag.
Neste spørsmål var kva om presidenten ville besøkje dei heime? Då vart det styr, med alt som måtte ordnast med mat, reingjering og eg veit ikkje kva.
Men kva med Jesus? Kva slags førebuingar må til for å ønskje han velkommen?
Ei av dei sa ho måtte ordne i huset først. "Nei, eg vil la Jesus komme inn, og så kan han gjere reint!" foreslo ei av dei andre, som ser ut til å ha forstått det. Men å gjere alvor av det og sleppe Jesus inn i hjarta, det er kanskje ikkje så enkelt.

Her er dei delt i to grupper og øver på dei ulike rollene i forteljinga om Johannes og Jesus.


 Tidlegare Indonesia-misjonær Chigane (t.v.) har byrja å vere med på kveldsklassa for å få betre kontakt med desse damene. Ho er no pensjonist og har flytta heim til Omori, ved dei kjende sølvgruvene, som ligg ikkje så langt ifrå Nima. Vi arbeidde forresten ilag i Osaka i to år. Som pensjonist er ho tilsett som evangelist i Nima på deltid.

Det er ein munter flokk som samlast. Åtte av desse er ikkje kristne, men to gonger i månaden samlast dei for å lese Bibelen på engelsk. Også den japanske Bibelen blir brukt. Arbeid med tekstane og spørsmåla til samtale ser ut til å setje mange tankar i sving.

Som eg også har skrive før, er det slitsomt med desse lange turane, og ofte lurer eg på om det er verd det. Men det er oftast på vegen TIL Nima eg tenkjer slik. På veg heim FRÅ Nima er eg ikkje i tvil.

Også her i Matsue har eg mykje å styre med. Torsdag fekk eg endeleg setje meg ned og skrive preike. Ikkje til denne søndagen, men til neste. Du synest sikkert eg er tidleg ute, men i veka som kjem, er det også mange andre ting som skjer, så eg har ingen dag til å setje meg ned og konsentrere meg. I morgon, måndag, er det offentleg fridag (på grunn av første OL i Tokyo i 1964...), og då skal eg først hjelpe til på basaren i Arashima, og om kvelden har eg eit bibelstudie. Og tirsdag er det NLM-styremøte igjen. Heldigvis slepp eg å reise til Kobe denne gongen, men kan ta bilen ein times tur til Yonago. Men det betyr også at eg ikkje kan bruke bussturen til å lese saksdokument, så det må gjerast på førehand. Har brukt nokre timar av søndagen til det... Japanske styrereferat er ikkje alltid så lett å kome igjennom, men idag har eg tatt i bruk ein ny metode, som faktisk var litt interessant. Ved hjelp av google translator og kopitasten vart plutseleg japanske referat mykje lettare å lese!

Til slutt nokre glimt ifrå Bible Club sist fredag, der menyen var tacos, og bibelstudiet var om Paulus sitt møte med greske filosofar i Aten. 




Og eit par bilete frå bibelstudiet, tatt av Scott og Carmella:

Då har du sikkert fått meir både å takke for og be for. Eit par ting til på tampen: Eg fekk høyre to gode nyheiter for nokre dagar sidan. Ei jente som var med i Bible club fram til mars 2011, førebur seg no til dåp til våren, i ei kyrkje i Osaka. Og ei anna jente som reiste herifrå våren 2013, skal faktisk bli døypt neste søndag, 18. oktober, i Tokyo. Det spirer og gror etter arbeidet her, sjølv om det har gått fleire år! Det gir frimod til å halde fram. Og eg fekk eit ekstra punkt i preika mi, til verset frå Joh. 4, 37-38:
"Her gjeld ordet om at éin sår og ein annan haustar. Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort."

Når det gjeld Bible Club, er det kanskje omvendt, at vi har arbeidd, og andre har gått inn i arbeidet vårt. I Nima har misjonærar sådd i mange år. Engelskelevane har høyrt frå Guds ord på kvar einaste tirsdagskveld dei åra det var misjonær fast i Nima. Om eg skal få oppleve å hauste, veit eg ikkje, men eg er iallfall med og vatnar det som er sådd før.

"Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, berre Gud er noko, han som gjev vekst."
1. Kor.3,7

Desse blomstrane er forresten heilt gratis. Det er rikeleg av dei på begge sider av elva der eg går tur eller joggar. Kjekt å ha noko som lyser opp inne, også.

Ønskjer deg ei god veke!